- Heilt greitt å bli større!

Kvar ei krå i nye Fjord kommune har eitkvart kulturelt å by fram.

F.v. Iwona og Jacek Wilczura, Lukasz Mentel og Elisabeth Muri med sonen Nikolai Emil, fem år, på fanget.  

Nyheter

Sjølvaste språksjåvet i riksdekkjande fargefjernsyn harselerte med det nye kommunenamnet. Lengje før samanslåinga av Norddal og Stordal. Men slikt berre flirer dei av der inne. Linda Eide sitt innslag gjekk til og med i reprise på storskjerm under festen søndag. Til endå meir munter humring.