Kroatiske DIV Group i ferd med å ta over Kleven Verft

Det kroatiske industrikonsernet DIV Group har inngått avtale om å kjøpe Kleven Verft av Hurtigruten. Det skriver Kleven Verft i ei pressemelding.

DIV Group er i ferd med å ta over Kleven Verft.  Foto: Halvard Alvik

Nyheter

Avtalen er forventa å bli gjennomført i løpet av dei neste vekene, når dokumentasjonsprosessen blir sluttført. DIV Group er eit av dei største industrikonserna i Kroatia, og eig mellom anna det største skipsverftet i Kroatia, Brodosplit.

– Eg er utruleg glad på vegner av alle tilsette i Kleven at vi no er i ferd med å få inn ein ny og solid eigar av verftet. Vi har gjennom ein vanskeleg periode klart å levere fantastiske skip, samt behalde den høge kompetansen på verftet. No skal vi saman med nye eigarar tenke langsiktig og utvikle oss vidare. Dette blir ei ny og spanande epoke for alle Kleven-tilsette, seier administrerande direktør Kjetil Bollestad i meldinga.

Tomislav Debeljak, eigar og administrerande direktør i DIV Group, ser fram til samarbeidet:

– Vi er veldig glade for å ha signert denne avtalen som opnar moglegheita for samarbeid mellom to lange og vellykka skipsbyggartradisjonar. Kleven er anerkjent over heile verda som eit norsk verft med fyrsteklasses referansar og konstruksjonskunnskap, spesielt når det gjeld utstyr til komplekse skip. Eg er mest tilfreds med at Brodosplit, som vi klarte å plassere ekstremt godt i segmentet for bygging av middels store og polare cruiseskip, har funne ein forretningspartnar som dei vil kunne oppnå topp resultat med, seier Debeljak.

Han meiner at eit kjøpt av Kleven Verft vil gi positiv synergieffekt og ein innsparing som kan utgjere opp til fem prosent, som vil gi større konkurranseevne.


Ekspedisjonsskip blir sett i drift raskare enn venta

Hurtigruten sitt nye hybriddrevne ekspedisjonsskip MS Fridtjof Nansen blir sett i drift i mars 2020.



Negativt driftsresultat på minus 338 millionar for Kleven Verft

Kleven Prosjekt 401 AS (Gamle Kleven Verft) har no avlagt rekneskap for 2018, og som venta er tala negative.


Vinn-vinn-avtale

Finansdirektør i Kleven Verft, Ola Beinnes Fosse, forklarar her bakgrunnen for avtalen med DIV Group, samt kva Kleven har lagt vekt på i vurderinga av nytt eigarskap:

– For både Kleven og DIV Group er dette ei kjempemoglegheit for å byggje på kompetansen som finnast i begge organisasjonane, og å ta ein posisjon i ein veksande marknad, seier Fosse.

Han peiker på tre grunnar til at Kleven valde å gå for DIV som ny eigar:

  • Kleven og DIV Group har kompletterande ferdigheiter, som saman legg til rette for ambisjonen om å bli eit verdsleiande og lønnsamt verft.
  • Dei har ein balanse og eigenkapital som gjer det mogeleg å finansiere nye skip.
  • Dei kjem med nye prosjekt om kort tid, og kjem også med arbeidskapital som gjer oss i stand til å bevare den unike kompetansen som er bygd opp dei siste åra.

Nye Kleven skal bygge om lekter

Ny kontrakt til Kleven - skal bygge om lekter

Nye Kleven Verft har har vunne ein større kontrakt i konkurranse med fleire europeiske verft.



En imponerende omstilling til tross, selskapene i den maritime klynga går fortsatt i minus:

Han har studert tilstanden for maritim klynge i fem år, mener dagens utvikling ikke kan fortsette

Mange av pilene peker oppover for klynga. Veksten er høy, det er vekst i sysselsettingen, ordrebøkene er store, men bedriftene går samlet sett i underskudd.


Skal framleis vere Kleven Verft

Både for Kleven-leiinga og Hurtigruten som eigar har det vore viktig at identiteten og kompetansen blir tatt vare på. Kleven Verft skal framleis heite Kleven Verft når DIV Group står som eigar. Verftet kjem også til å halde fram som eit eige selskap, men under DIV Group-paraplyen.

– Vi har leita etter ein eigar som vi er sikre på vil Kleven det beste. Fleire moglege kjøparar har blitt vurdert, og vi er heilt sikre på at DIV Group er dei riktige eigarane for Kleven. Ingen andre har vore i stand til å vise til ein så trygg og langsiktig plan for verftet. Dette er ein perfekt match, seier finansdirektør Fosse ved Kleven Verft.

Han får støtte frå Torleif Ernstsen, finansdirektør i Hurtigruten.

– Det er bra at Kleven no har funne ein ny eigar med langsiktig perspektiv. Kleven har opparbeida seg ein unik kompetanse knytt til bygging av ekspedisjonsskip som dei kan vidareutvikle. Vi meiner at DIV Group vil vere svært gode eigarar for Kleven, seier Ernstsen.

I tillegg til ei rekkje spesialskip, har Kleven Verft det siste året levert verdas to første hybriddrivne cruiseskip – MS Roald Amundsen og MS Fridtjof Nansen – til Hurtigruten.



Samarbeid gjev konkurransefortrinn

Frå no av vil Brodosplit og Kleven kunne samarbeide om byggeprosjekt.

– Brodosplit er enormt store og erfarne spesielt innan stålarbeid. I ein bransje som slit med lønsemda, kan vi no dra nytte av kvarandre sine styrker, og samarbeide om prosjekt der det er hensiktsmessig. Målet er å bli meir konkurransedyktige, og samstundes kunne bygge med lønsemd, fortel Fosse.

DIV Group har vore ute etter eit verft som kan komplettere deira kompetanse.

– Kompetansen dei tilsette på Kleven har bygd opp gjennom fleire tiår, med levering av høgkvalitetsskip innan fleire ulike segment, er det som har vore avgjerande i salsprosessen. Dei tilsette er dei som har skapt Kleven si historie. Det er også dei som saman med eit veldig kompetent og erfarent team i DIV skal ta dette vidare, og skape nye gode opplevingar på Kleven, seier Fosse.

2020 blir eit hektisk år for Kleven Verft

Etter levering av det hybride ekspedisjonsskipet MS Fridtjof Nansen i desember 2019, arbeider Kleven Verft per i dag med to store ombyggingskontraktar. Verftet bygger om eit trål/snurrevad-fartøy for NordnesGruppen, og ein lekter for Boa Barges AS. Begge skal bli levert i 2020.

I tillegg kjem det betydelege leveransar til fire ombyggingsprosjekt frå Hurtigruten i 2020 og 2021. Det vil også kome arbeid gjennom verftet sin nye eigar DIV Group om kort tid.

– Vi ser berre fordelar med at DIV Group er vår nye eigar, og ynskjer dei velkomne til Ulsteinvik. No skal vi jobbe hardt saman og levere gode resultat på prosjekta framover. 2020 kjem til å bli eit spanande og hektisk år for oss. Framtida ser lysare ut enn på mange år, avsluttar Bollestad.