Den dårlege kommuneøkonomien i Giske får konsekvensar:

Fjerna busstilbod for elevar i trafikkfarleg område for å spare 93.000 kroner

I fleire tiår har fleire elevar på Vigra fått gratis skyss til skulen, sidan alternativet er å ta seg fram på ein trafikkfarleg veg. Den dårlege kommuneøkonomien i Giske gjorde at dette tilbodet forsvann ved nyttår.

Ikkje lenger gratis skyss: Sidan denne vegen har blitt rekna som for farleg for skuleborna å ferdast på, har dei fått gratis buss til Vigra skule - sjølv om området er så vidt under grensa på fire kilometer. Foreldra ved skulen, her ved Malin Sørøy Larsen og Gjermund Tomta i FAU, meiner vegen er for smal og uoversikteleg til at borna kan ferdast trygt der.   Foto: Marius Simensen

Nyheter

– Det er skummelt både for ungane våre og oss foreldre. Det er så vidt her er plass til éin bil.