Myklebust bygger meir for Sølvtrans

Myklebust Verft i Sande har inngått sin fjerde brønnbåtkontrakt med Sølvtrans Rederi i Ålesund.

Ny: Skroget til den nye Sølvtrans-båten skal byggjast i Tyrkia, medan resten skal byggast ferdig på Myklebust Verft.  Foto: Illustrasjon

Nyheter

Det nye fartøyet er basert på Kongsberg NVC 389 og er av same design som Sølvtrans allereie har under bygging hos Myklebust, ifølgje ei pressemelding frå verftet.

– Vi er stolte over å lykkast med fleire kontraktar til Sølvtrans. Det gjev oss store moglegheiter til i lag med alle involverte aktørar å utnytte positive synergiar og læring frå prosjekt til prosjekt, skriv verftet i pressemeldinga.

Kontrakten inneber også mange leveransar frå ei rekkje lokale verksemder, der dei største i omfang er Kongsberg Maritime, MMC First Process og Hareid Group.

Frå kontraktsigneringa.  Foto: Privat

Skrog frå Tyrkia

Også skroget på dette fartøyet skal byggast ved det tyrkiske verftet Hat-San. Levering av det som blir bygg nr. 76 frå Myklebust Verft er kontraktsfesta til oktober 2021.

Lastekapasiteten på fartøyet er på 4000 kubikkmeter.

– Vi opplever ein positiv marknad for denne 4000-kubikkserien som vi har kontrahert hos Myklebust, og for oss finn vi den kvaliteten vi jaktar på lokalt, seier reiar og administrerande direktør i Sølvtrans, Roger Halsebakk i pressemeldinga.

Ordrar for ein milliard

Kontrakten høver godt med den strategien Myklebust har valt ved å bygge fleire fartøy til same kunde med kjend teknologi og design.

– Det er også ei stor tillitserklæring frå Sparebanken Møre at dei stiller med byggefinansiering til nok eit nybygg ved Myklebust Verft, seier Inge-Jonny Hide, dagleg leiar ved Myklebust Verft.

Med denne kontrakten har Myklebust ein ordrereserve på om lag ein milliard kroner innan nybygg og ettermarknaden. Verftet har 135 eigne tilsette.