Blir truleg ikkje ferdig med kyrkjegarden i år: – Ser ut som eit anleggsområde

Det er eit og eit halvt år sidan arbeidet starta på Indre Sula kyrkjegard, og ifølgje Jørn Agersborg, teknisk sjef i Sula, blir dei truleg ikkje ferdig med arbeidet i år heller.

Kyrkjegard: Anleggsarbeidet ved Indre Sula kyrkjegard har stoppa opp. Først i 2021 kan ein vente at det er ferdig.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Kommunestyrerepresentant Nils Erik Bjørkavåg (H) sa under onsdagens kommunestyremøte at han synest at kommunen tilbyr dei som skal gravleggjast og dei som er der for å besøke sine kjære, eit uverdig tilbod slik som det er i dag.