Frykta tunnelrøyk – var berre kondens

Fleire stader på Sunnmøre har det torsdag dampa frå tunnelar.

Video: Bjørn Gray. Eiksundtunnelen mellom 11 og 12 torsdag føremiddag.

Nyheter

I Eiksundtunnelen tøyt det ut det som kunne sjå ut som røyk torsdag føremiddag.

Lokalbefolkninga er her vant til ein del kondens frå tunnelen, sjølv om dette synet overgjekk det normale.

Like vande er kanskje ikkje folket som til vanleg brukar Valderøytunnelen.

Reidar Kjersem var blant trafikantane som valte å sjå an situasjonen ved tunnelopninga der.

Skjerdump frå Snapchat: Kjersem såg storfilmen Tunnelen for eit par veker sidan. Han hadde den i tankene då han laga denne snapen.  Foto: Foto: Reidar Kjersem

– Ein av bilistane som hadde stoppa føre meg, ringde politiet. Beskjeden frå politiet, var at vi kunne køyre gjennom, seier han til Sunnmørsposten.

Passeringa gjekk fint, fortel han.