Kontrakter til ein verdi av 590 millionar:

Søkjer driftsentreprenørar til fylkesvegar på Sunnmøre

Møre og Romsdal fylkeskommune har lyst ut to kontraktar på drift- og vedlikehald av til saman 934 kilometer fylkesvegar på Sunnmøre i fem år.

  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Den eine kontrakten er for kommunane Ålesund (delar), Fjord, Sykkylven, Stranda, Ørsta og Volda og dreier seg om drift av 526 km fylkesvegar og anlegga som høyrer til desse. Vegane har ein gjennomsnittleg trafikk frå 5600 køyretøy i døgnet til 10 køyretøy i døgnet. Kontrakten har ein anslått verdi på 350 millionar kroner eks. mva.

Den andre kontrakten er for kommunane Ålesund (delar), Sula, Giske og Vestnes og dreier seg om drift av 408 km fylkesvegar og anlegga som høyrer til desse. Vegane har ein gjennomsnittleg trafikk frå 16000 køyretøy i døgnet til 5 køyretøy i døgnet. Kontrakten har ein anslått verdi på 240 millionar kroner eks. mva.