Har fått smaken på stearinen i gravlysa

Kråker stel som ramnar

Gardbrukar Ragnar Aarflot er næraste nabo til gravplassen i Volda. Kvart år fyller han nesten to plastsekkar med gravlys som ligg strødd på markane. Kråka får skulda.
Nyheter

– Dette blir flisa opp av fôrhaustaren, og kan hamne i magane til kyrne. Det er sjølvsagt ikkje noko vi ønsker, seier Ragnar Aarflot – og viser fram tre delvis knuste gravlys som han plukkar opp medan vi er på besøk.