Stein Aam (Sp) har vore med på å legge ned 12 skular:

– Eg misunner ikkje Giske i den situasjonen dei er i

Fleire kommunar har eller står midt oppe i liknande situasjonar som Giske i dag. Erfaringane frå skulenedleggingane er svært varierte.

12 skular forsvann: Sidan slutten av 80-talet har 12 skular forsvunne i Ørsta kommune. Stein Aam har vore med i kommunepolitikken alle desse åra. No ser han derimot framover. Aam fortel om store investeringar i Ørsta-skulane dei komande åra.   Foto: Terje Engås

Nyheter

– Det var ofte hardt då det stod på. Det er ingenting som gir meir engasjement enn skular. Så eg misunner ikkje Giske i den situasjonen dei er i, seier Ørsta-ordførar Stein Aam (Sp).