Bil av vegen på E39

Førar melder om smerter i nakken etter eit trafikkuhell i Ørsta måndag morgon.
Nyheter

Politiet melder at ein bil har køyrd av vegen ved Flåvika på Vartdal måndag. Bilførar melder om smerter i nakken etter ulukka.

Naudetatane rykker ut, skriv Møre og Romsdal politidistrikt i ei twittermelding klokka 08.15.

I ei twittermelding klokka 08.24 skriv brannvesenet at hendinga er udramatisk. Dei dirigerer trafikken på staden.