Fleire vurderer å flytte frå Giske dersom skulen blir lagt ned:

– Turen over brua er uaktuell

Det bur mange innflyttarar i Giske kommune, mellom anna på øya Giske. Blir skulen lagt ned kan fleire av dei forsvinne.

Skuleforkjempar: Robert Fylling har budd på Giske sidan 2016. Borna hans er snart i skulealder. No engasjerer Fylling seg for å redde skulen på øya.   Foto: Marius Simensen

Nyheter

Under folkemøtet på Giske skule måndag gjekk mellom anna Linda Skytterholm på talarstolen og sa at familien sterkt vurderer å flytte dersom Giske skule blir lagt ned.