Volda gjekk med overskot

Pengane Volda sat att med etter at fjoråret var over, 6,4 millionar kroner, skal nyttast til å styrke fondskapitalen.

Volda rådhus   Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Drifta av dei store tenestene oppvekst og helse-/omsorg hadde eit meirforbruk, men samla sett fekk kommunen eit mindreforbruk i all hovudsak på grunn av ei auke i skatte- og finansinntekter.

Det fortel Volda kommune i ei pressemelding.

Styrkar fondskapitalen

Veksten i dei frie inntektene skatt og ramme vart høgare enn anslaget i statsbudsjettet også for 2019. Mindreforbruket styrkar fondskapitalen som er nødvendig å byggje opp for å finansiere dei store investeringsprosjekta som er planlagt, fortel kommuneleiinga.

Og pengane kjem til å få bein å gå på. I gjeldande økonomiplanperiode er det planlagt å få på plass ny ungdomsskule, symjehall, ferdigstilling av idrettshall, nye næringsområde, bustadfelt med meir.

Balanse drifta

Vidare er Volda kommune avhengig av fondsmidlar for å balansere drifta dei komande åra i økonomiplanen ettersom veksten i dei frie inntektene vert vesentleg lågare enn den var for siste år, legg kommunen til.

Volda kommune brukte 65,7 millionar kroner av driftsfondet i 2019, der 58 millionar gjekk til selskapet VCA as i samband med oppføring av ny idrettshall.

Hornindal kommune gjekk akkurat i balanse i drifta i 2019 ved å inntektsføre 4,9 millionar frå driftsfondet.