< Havila har hyra inn OL-vinnar - smp.no/nyheter – Nyheter fra Ålesund, Sunnmøre og Nordvestlandet.

Skal finne fram til norske menyar om bord på Kystruten

Havila har hyra inn OL-vinnar

Han har nyleg leia Norges kokkelandslag til OL-gull. No skal Gunnar Hvarnes sørge for store matopplevingar om bord på Havila Kystruten.

Havila Kystruten i Lofoten. (Illustrasjon)  Foto: Havila Kystruten

Nyheter

– Eg vil vise norsk mat og drikke frå si beste side. Sjølvsagt til dei utanlandske turistane, men samtidig skal vi også gje dei norske reisande smaken på god norsk mat.

Det seier Gunnar Hvarnes i ei pressemelding frå Havila Kystruten.

Fire skip

Reiarlaget i Fosnavåg skal frå januar 2021 segle fire av dei elleve skipa som trafikkerer den tradisjonsrike ruta Bergen-Kirkenes. Dei andre sju skipa tilhøyrer Hurtigruten.

I tida framover skal Hvarnes arbeide med å finne ut kva som skal serverast gjestane om bord i Havila Kystruten.

Mat med tradisjonelle konserveringsmetodar som speking, salting og tørking er noko av det Hvarnes peiker på. Han nemner fenalår, grava hjort og røykt laks. Sjømat blir viktig, det same blir vilt og fugl.

Gunnar Hvarnes starta si kjøkenkarriere om bord på ei passasjerferje på Oslofjorden då han var tenåring. No skal ha igjen sørge for mat til sjøs, så ringen er på ein måte slutta, meiner Havila.

Gunnar Hvarnes.  Foto: Tom Haga

På leverandørjakt

– Mat til så mange og om bord i ein båt gjer logistikk og det praktiske spesielt viktig. Men vi skal framheve dei gode norske råvarene på ein enkel måte, og så må vi servere mat på ulike nivå frå den enkle, men gode og sprø vaffelen i kafeen til den finaste reinsdyrfileten i a la carte-restauranten, seier Hvarnes.

I jakta på dei gode smakane høyrer også jakta på dei gode leverandørane med. Gunnar Hvarnes seier han er ute etter både store og små leverandørar, og han ser etter dei som kan levere spesialprodukt for Havila Kystruten.

Og målet hans er ikkje til å misforstå:

– Maten skal bli iallfall halvparten av grunnen til at du skal reise med Havila Kystruten.