Frå kommunen til høgskulen

Joakim Yksnøy Rødven.  Foto: Volda kommune

Nyheter

Joakim Yksnøy Rødven skiftar beite.

Han sluttar som kommunikasjonsrådgjevar i Volda kommune, og er tilsett i fast stilling som rådgjevar på internasjonalt kontor ved Høgskulen i Volda.

Det melder skulen sjølv i eit nyheitsbrev.

Ansvarsområdet hans i den nye jobben er i hovudsak utgåande studentmobilitet. Dette inneber samtalar og rettleiing med studentar i Volda som ønsker seg på utveksling i utlandet.

Rødven har vore kommunikasjonsrådgjevar sidan mai 2017.