Sjukehuset har laga epidemiavdeling:

– Ingen korona-smitta innlagt i Volda

Situasjonen kring koronasmitta pasientar ved Volda sjukehus er uendra.

Volda sjukehus. Arkiv  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

(Møre-Nytt): – Vi har ingen smitta innlagt ved Volda sjukehus. Her følgjer vi dei same prosedyrane som Helse Møre og Romsdal har planlagt. Dørene våre er låste, men på dagtid har vi ei sjukehusvakt som tek imot folk og rettleiar dei. Nokre er nøydde til å kome til oss, seier sjukehussjef Knut Nautvik.

Behandling som ikkje er akutt vert utsett og pasientar vert kontakta.

– Dei som har time til medisinsk poliklinikk eller dagkirurgi vil få ei automatisk tekstmelding om at timen er utsett. Nokre som treng behandling vil bli ringt til og gjort spesielle avtalar med. Vi prøvar så langt som råd at dette ikkje skal gå ut over viktige undersøkingar. Vi må beklage overfor for dei som har venta på operasjon ei stund, men vi opplever at det er stor forståing om at det no er ein unntakstilstand.

Sjukehuset i Volda er førebudde på å ta imot pasientar som er smitta av koronaviruset.

– Ein del av medisinsk avdeling har blitt gjort om til epidemiavdeling med fysiske avskjermingar. Dermed kan vi ta imot eit visst tal på smitta utan at det går utover andre funksjonar ved sjukehuset, seier Nautvik.

Denne saka vart først publisert av Møre-Nytt