Du kan bli bøtelagt dersom du bryt karantenereglane, men sjansen for å bli tatt er så langt liten:

Slik vil politiet handtere karantenebryting

Per no leitar ikkje politiet etter dei som bryt karantenereglane under koronakrisa, men reglane kan bli strengare handheva etter kvart.

Prioriterer ikkje jakt på karantenebrytarar: Lensmann Hans-Eirik Pettersen i Hareid og Ulstein.  Foto: Linda Eikrem, Vikebladet Vestposten

Nyheter

– Politiet har andre og viktigare oppgåver å prioritere akkurat no, seier Hans-Eirik Pettersen, lensmann i Hareid og Ulstein, til Sunnmørsposten.