Her vil dei ha storhall

Steinar Belsby, leiar i Stranda Idrottslag, er redd den planlagde fleirbrukshallen, skal kome langt bak i køen. Han ber difor kommunen om å drive fram prosjektet overfor fylkeskommunen.

Steinar Belsby, leiar i Stranda Idrottslag, viser fram tomta der laget vil at de nye fleirbrukshallen skal byggast.   Foto: Johan Behrentz / Sunnmøringen

Nyheter

– Fleirbrukshallen på Stranda må ikkje bli lagt på is. Kommunen må setje seg i førarsetet for å få han på banen, seier Belsby til avisa Sunnmøringen. Han legg til at dagens hall ved ungdomsskulen er heilt sprengt.