Karantenereglane under koronakrisa skaper spesielle situasjonar:

Leiaren for Hornindal skisenter får ikkje vere på hytta si i Hornindal

For å følgje karantenereglane under koronakrisa må ein halde tunga rett i munnen – og ha brukbar kjennskap til geografi og kommuneinndeling.

Får ikkje vere på hytta si: Arve Hovdenak er busett i Ørsta og får dermed ikkje vere på hytta si i Hornindal. Det hadde han fått dersom han budde i Volda.   Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Nyheter

– Desse reglane er neppe laga med omsyn til folk i Ørsta-Volda-området. Dei er nok meir tileigna veldig store hyttekommunar som Hemsedal. Eg har stor forståing for at dei treng slike reglar der. Men eg kjem sjølvsagt til å respektere reglane.