Inviterer til dugnad for å bidra med smittevernsutstyr

Helse Møre og Romsdal oppmodar alle som har tilgang på utstyr som: åndedrettsvern, vernebriller, hanskar, munnbind, visir, beskyttande dressar og frakkar om å ta kontakt.

Illustrasjonsfoto.  Foto: Helse Møre og Romsdal

Nyheter

I ei pressemelding torsdag inviterer Helse Møre og Romsdal til dugnad for å bidra med smittervernutstyr.

– Vi veit at mange bedrifter i Møre og Romsdal har denne typen utstyr og vi ønskjer å komme i kontakt med dei som har utstyr å avsjå. Samtidig vil eg nytte anledninga til å takke alle dei som allereie har bidrege med utstyr til sjukehusa vår, seier adm. dir. Øyvind Bakke.

I meldinga heiter det at Helse Møre og Romsdal framleis har nødvendig smittevernsutstyr på lager, men at lageret av enkelte varer er lite, og at det blir jobba regionalt så vel som nasjonalt med å skaffe til veie utstyr slik at framtidige behov kan sikrast.

– Vi har ein situasjon både regionalt og nasjonalt der vi førebels ikkje har sikra stabile og tilstrekkelege leveransar av smittevernsutstyr, men det blir jobba med ulike løysingar og eg har tru på at situasjonen vil betre seg, seier Bakke.

Bedrifter som ønskjer å bidra med utstyr kan ta kontakt på følgjande måte: