Oppskrift frå Fylkesmannen:

Vil ha like reglar for karantene i kommunane

Justisdepartementet har gitt Fylkesmennene i oppdrag å samordne kommunane sine karantenevilkår.

Karantenevedtak: Fylkesmann Rigmor Brøste.   Foto: Foto: Staale Wattø

Nyheter

Fylkesmannen gjer dette i samarbeid med, og etter oppmoding frå kommunane i Møre og Romsdal, står det i pressemeldinga frå Fylkesmann i Møre og Romsdal, Rigmor Brøste.

Fylkesmannen ber alle 26 kommunar i Møre og Romsdal om å fatte likelydande vedtak etter smittevernlova § 4–1 bokstav d, i sju dagar.

– Fylkesmannen legg til grunn ei heilskapleg risikovurdering av koronasituasjonen i Møre og Romsdal når vi kjem med denne tilrådinga til kommunane våre, står det.

Behov for å intensivere tiltak

Fram til 19. mars hadde 18 av 26 kommunar gjort karantenevedtak etter smittevernlova. Kommunane fatta vedtaka for å avgrense smitte inn til Møre og Romsdal, slik at mengda smitta personar ikkje oversteig tilgjengeleg kapasitet for helsetenesta.

Det er framleis behov for å avgrense smitte til fylket, og intensivere andre førebyggjande tiltak.

Kommunen har vedtaksrett, og har mynde og ansvar for å fatte lokale vedtak.

Felles vedtak

Fylkesmannen tilrår at kommunale vedtak i størst mogleg grad vert forma ut likelydande. Det inneber følgjande:

  • Heimekarantene på 14 dagar skal gjelde personar som kjem frå fylka Oslo, Vestfold og Telemark, Viken, Innlandet, Agder, Rogaland og Vestland.
  • Vedtaket må sikre at personar og transport som er naudsynte for å sikre forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar er unnateke krav om karantene, vi viser her til DSB sin liste over samfunnskritiske funksjonar.
  • Førar og naudsynt personell for vare- og passasjertransport er unntatt krav om karantene.
  • Vedtaka sikrar at innbyggarane i Møre og Romsdal kan bevege seg mellom kommunane i fylket, og andre fylke som ikkje er nemnt over.
  • Kommunane i vedtaksperioden set i gang/intensiverer andre førebyggande tiltak.

– Eg vil nytte høve til å takke for den formidable innsatsen som vert lagt ned i kommunane, blant beredskapsaktørane, og den einskilde innbyggar i denne vanskelege tida vi no er inne i. Her vil eg særleg nemne helsepersonell som opplev ei særdeles krevjande tid no, skriv Fylkesmann Rigmor Brøste.