Volda følgjer ikkje Fylkesmannen si oppmoding:

–Stengd grense skaper falsk tryggleik

– Det er ikkje slik at vi blir trygge berre ved å stenge grensa til Møre og Romsdal. Smitten er her allereie, seier Volda-ordførar Sølvi Dimmen.

Ordførar: Sølvi Dimmen (Sp) er ordførar i Volda. Arkiv  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Nyheter

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har oppmoda kommunane om å gjere like vedtak, som blant anna å innføre heimekarantene på 14 dagar for personar som kjem frå Oslo, Vestfold og Telemark, Viken, Innlandet, Agder, Rogaland og Vestland.

For grensekommunen Volda er dette heilt uaktuelt:

– Eit slikt vedtak ville ha skapt falsk tryggleik. Det er ikkje slik at vi er trygge berre ved å stenge grensa til Møre og Romsdal. Smitten er her allereie. Det vi no må gjere er å halde på tiltaka og råda om å vaske hender og avgrense sosial kontakt. Vi kan ikkje klemme kvarandre no, seier Sølvi Dimmen som er ordførar i Volda.


Ulstein kommune om strengare innreisereglar:

— Vil snakke med bedriftene først

Ordførar i Ulstein har invitert bedrifter i kommunen til eit møte på måndag, for å diskutere konsekvensane for næringslivet, dersom innreisereglane vert skjerpa.


Måndag morgon er det klart at det er to nye smitta i Volda kommune, i tillegg til den eine som var kjend før helga. Ifølgje Dimmen er den eine nye smitta knytt til det første tilfellet, medan ein ikkje kjenner til korleis den andre er smitta.

Ventar på nasjonale reglar

Ordføraren ser at næringslivet har ein vanskeleg situasjon, og alt som blir utsett gjer situasjonen endå verre. Til dømes ville Volda Campus Arena som er under bygging, blitt ramma av strenge karantenereglar når folk utanfrå skal kome og jobbe der.

Volda kommune er del av eit bu- og arbeidsområde som også omfattar nordre del av Vestland fylke – som Fylkesmannen meiner ein må stenge grensa til. Dimmen er kjend med at Vanylven har gjort vedtak om karantenereglar, men vedtaket gjeld ikkje pendling i grenseområdet.

Volda kjem altså ikkje til å fatte noko vedtak no, men Dimmen viser til at det er varsla at det vil kome nye nasjonale retningslinjer tysdag.

Ørsta kommune er på same linje som Volda. Dei oppmodar alle innbyggjarar til å følgje nasjonale råd, reise minst mogleg og unngå kontakt med andre i størst mogleg grad. I samråd med kommuneoverlegen blir det ikkje innføre lokalt reiseforbod no, ifølgje meldinga frå kommunen måndag.

På søre Sunnmøre har heller ikkje Ulstein og Herøy lokale karantenereglar.

Tre kommunar med karantenepåbod

Sande kommune har derimot valt ei anna linje. Dei har måndag forlenga vedtaket om 14 dagar heimekarantene for alle som kjem til kommunen frå fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet og Vestland.

Unntaket er folk som ivaretek kritiske samfunnsfunksjonar, og vare- og passasjertransport. Opphald på flyplass i dei nemde fylka er ikkje rekna som opphald. Det er heller ikkje opphald på plattform/sokkel.

Påbodet gjeld til 27. mars. Måndag var ingen registrert koronasmitta i Sande.

Frå før har også Hareid innført påbod om heimekarantene for alle som kjem frå fylka Oslo, Agder, Rogaland; Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet, Vestland og Trøndelag får heimekarantene i 14. dagar. Det er lov å reise internt i Møre og Romsdal fylke.

Vanylven har påbod om heimekarantene for dei som kjem frå Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet og dei geografiske områda som svarar til tidlegare Hordaland fylke og tidlegare Sør-Trøndelag fylke.

Søndag valde kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane å oppheve karantenepåbodet som dei innførte nokre dagar tidlegare, for reisande frå ei rekkje fylke.


Nye karanteneregler i Ålesund fra fredag kveld:

Tar grep for hindre smitte fra andre fylker

Samtidig som antall smittede i Ålesund har økt til 11 personer, innføres strengere innreiseregler til kommunene i Møre og Romsdal, enn hva FHI anbefaler.