40 prosent mindre biltrafikk på Sunnmøre

Over alt på Sunnmøre er det langt færre bilar på vegane samanlikna med før korona-restriksjonane. Det kan vere godt helse-nytt.

Skutvika: Dette, sentralt i Ålesund, er ein av dei mest trafikkerte målepunkta på Sunnmøre. Også her er det rolegare tider.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Nyheter

Sunnmørsposten har sett på trafikktal for 2.–8. mars (veke 10) og 16.–22. mars (veke 12). Dei vitnar om unntakstilstanden samfunnet brått gjekk inn i.