Ålesund kommune gjer fleire tiltak for å ruste seg for å ta vare på koronasjuke:

Denne roboten skal gjere koronakvardagen enklare

Ålesund kommune skal kunne ta imot pasientar med koronasmitta frå måndag av. Derfor set dei inn fleire tiltak. Eitt av dei er ein smittevernrobot.

Smittevernrobot: Denne smittevernroboten fekk Ålesund kommune leasa sist veke. Denne veka tok dei han i bruk. På biletet ser vi Sindre Søvik Erstad i aksjon.   Foto: Ålesund kommune

Nyheter

– Dette er ein dyr maskin. Men på sikt er det heilt klart rett å kjøpe inn denne roboten, fortel Aleksander Linge Sommerdalen til Sunnmørsposten.