Skular og barnehagar blir opna i andre halvdel av april - nokre studentar kan også returnere:

Skulefolket meiner nye vedtak er fornuftige

20. april blir barnehagane opna igjen, medan 1. til 4. klasse og SFO vender tilbake veka etter. Planane høyrest gode ut, meiner lokale oppvekstsjefar.

– Fornuftig løysing: Kommunalsjef i Ålesund, Bjørn Ivar Rødal, seier kommunen ikkje har diskutert saka enno, men han synest det høyrest fornuftig ut med ei gradvis opning av skular og barnehagar.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

– Dette høyrest fornuftig ut. Kriseleiinga i Ålesund skal offisielt sjå på denne saka onsdag, men det ligg i korta at vi kjem til å følgje desse råda, seier Bjørn Ivar Rødal, kommunalsjef for oppvekst i Ålesund.