Trenar tiltalt for overvaking med spionkamera

Ein mann frå Sunnmøre er tiltalt for filming og overvaking av 27 jenter og gutar han var trenar for, skriv NRK Møre og Romsdal.

Spionkamera: Spionkameraet var utforma som ein knagg, og hang i kvinnegarderoben på eit treningssenter i Ålesund-området. Arkiv  Foto: Politiet

Nyheter

Politiet på Sunnmøre har siste tre åra rulla opp det som etter tiltalen å dømme er ei svært omfattande overvakingssak mot ein tidlegare trenar.

Saka blei første gong omtalt i 2017.


Med denne knaggen smugfilmet mannen i jentegarderobe

En mann i 20-åra er sikta etter å ha satt opp et spionkamera i en kvinnegarderobe. – Så langt vi har klart å avdekke har han ikke lyktes i å få avkledde kvinner på film, sier politiadvokat.


NRK skriv at den tiltalte skal ha vore ein populær trenar. Og ifølgje tiltalen skal han ha smugfilma og overvaka tolv jenter og gutar medan dei var nakne. 15 andre skal han ha filma, men utan at dei kledde av seg.

– Det står fram som veldig utspekulert og kreativt i forhold til å forsøke å filme ungdom i situasjonar der dei er nakne, seier statsadvokat Magne Nyborg til NRK.

Skjulte kamera

Mannen skal ifølgje tiltalen ha drive med ulike former for skjult filming på offentleg stad for å skaffe seg filmar eller bilde av ungdommane i seksuelle situasjonar.

NRK skriv at det handlar om skjulte kamera i klokker og garderobe-knaggar. Han skal også ha skaffa seg tilgang til datamaskinene til fleire av dei fornærma.

Ifølgje tiltalen skal mannen ha drive med skjult filming i ein periode på cirka ti år. Dette skal ha skjedd både i kommunar på Sunnmøre og i Trondheim, ifølgje tiltalen.

Seksuell omgang med sovande kvinne

Det mest alvorlege forholdet i tiltalen gjeld seksuell omgang med ei sovande kvinne. Dette skal ha skjedd for ti år sidan på ein fest i ein kommune på Sunnmøre.

Tiltalen omfattar til saman 28 fornærma. Mange av dei var i 14-15-årsalderen då dei skal ha blitt utsett for handlingane.

Statsadvokat Magne Nyborg ser ifølgje NRK ikkje bort frå at det kan vere fleire fornærma.

Mannen sin advokat vil førebels ikkje kommentere saka til NRK, men ifølgje politiet har mannen vedgått at han filma nokre av dei han var trenar for ved hjelp av skjult kamera i ein knagg.