Synnøve Hjelle Halkjelsvik skiftar frå TV2 til Storebrand

TV2-profil Synnøve Hjelle Halkjelsvik (37) er tilsett som ny presseansvarleg i Storebrand, og blir sentral i arbeidet med å styrke selskapet sin posisjon blant spare- og pensjonskundar.

Synnøve Hjelle Halkjelsvik blir presseansvarleg i Storebrand..  Foto: Storebrand

Nyheter

Det skriv forsikringsselskapet i ei pressemelding. Halkjelsvik tok til i den nye stillinga 1. april.

Synnøve Hjelle Halkjelsvik, opphavleg frå Volda, kjem no frå stillinga som nyheitsanker og journalist i TV 2, og har tidlegare vore nyheitsreporter i NRK og P4.

Spennande moglegheit

– Stillinga som presseansvarleg er ein utruleg spennande moglegheit. Storebrand er eit solid selskap med berekraft som ein sentral del av konsernstrategien, seier Halkjelsvik i pressemeldinga.

– Eg gler meg til å bidra til at Storebrand tek ein enda tydelegare rolle i det offentlege ordskiftet, legg ho til.

Halkjelsvik er utdanna journalist frå Høgskulen i Volda.