Skulle få leige grendahus gratis i 30 år – no kan avtalen ryke

Tre månader før kommunesamanslåinga vedtok Ørskog kommune at Vaksvik Grendahus og Skarbø krinslag skulle få leige kommunen sine bygg gratis - i 30 år. No kan det bli omkamp om vedtaket.

Ny giv: Ronny Hjelle fortel at mange i Vaksvika fekk ny giv då det blei klart at dei ville få bruke huset i 30 år. - Då såg vi at dette var liv laga. Fleire stilte opp og ville satse. Når det no kanskje berre er snakk om fire år fram i tid er det meir begrensa kva tid og energi folk i krinsen orkar å bruke. 

Nyheter

Torsdag skal saka om Vaksvik og Skarbø grendehus opp i styret i Ålesund kommunale eigedom (ÅKE). Siste ord er det kommunestyret som får.