Undersøker hending der mann blei lettare skadd

Politiet rykka ut etter melding om skadd person på Vigra natt til torsdag.
Nyheter

Politiet opnar såkalla undersøkingssak etter at dei kom over ein skadd person på Vigra i 02-tida natt til torsdag. Det var fleire fulle og hissige personar på staden, dei blei sendt heim av politiet. Det skriv Møre og Romsdal politidistrikt i ei twittermelding torsdag morgon.

Mannen var tilsynelatande ikkje alvorleg skadd, men blei tatt med til Ålesund sjukehus.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Nyheter