Gjer endringar på ferjeruter for å betre tilbodet for pendlarar

Fylkeskommunen gjer endringar i seks ferjesamband frå fredag av.

Rutejustering: Ferjesambandet Magerholm-Sykkylven er blant dei som frå fredag får endringar.  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

Desse rutene får endringar:

· 02 Årvika-Koparneset

· 08 Volda-Lauvstad

· 12 Sæbø-Leknes

· 13 Magerholm-Sykkylven

· 16 Standal-Trandal-Sæbø-Skår

· 31 Aukra-Hollingsholmen

– Korrespondansane mellom ferjene og med bussane har blitt betre for pendlarane og næringsverksemdene med endringane som er gjort, seier rådgivar Atle Ræstad i Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Endringane er gjort i dialog med kommunane.

– I prosessane med kommunane har fylkeskommunen arbeidt for å komme fram til rutetabellar som er best mogleg tilpassa ønska til dei reisande med ferjene og økonomien, heiter det i pressemeldinga.

Fylkeskommunen oppfordrar reisande til å sjekke FRAM sin reiseplanleggar for oppdatert ruteinformasjon.