Fem tatt i fartskontrollar måndag

Politiet melder om fem forenkla førelegg etter fartskontrollar i Sykkylven måndag ettermiddag.
Nyheter

Møre og Romsdal politidistrikt skriv i ei twittermelding klokka 14.39 at dei har gjennomført to fartskontrollar på fylkesveg 60 i Sykkylven måndag.

I ein kontroll i ei 60-sone blei det skrive ut fire førelegg, høgste målte hastigheit var 75 kilometer i timen.

I ein kontroll i ei 80-sone blei det skrive ut eit førelegg for køyring i 102 kilometer i timen.


Måndag ettermiddag blei det også gjennomført ein bilbeltekontroll i Engesetvegen i Volda. Her blei det skrive ut eit gebyr for manglande bilbelte.