Endeleg asfalt på elendig veg

– Vi som kjenner vegen her, veit at han er full av holer. Difor denne køyrestilen, forklarte drosjesjåfør Olav Sætren. Denne veka kom det ny asfalt.

I gang: Asfaltering på E39 i Hornindal.  Foto: Ellisiv T. Raftevold

Nyheter

Rett før påske tok drosjesjåførane Olav Sætren og Helge Otterdal oss med på ei synfaring i Hornindal. Dei ville vise fram ein europaveg full av hol og skarpe asfaltkantar.