Tatt utan førarkort – bileigar meld til politiet

Ein mann og ei kvinne blir politimeld, etter at mannen blei tatt utan gyldig førarkort.
Nyheter

Ein mann blir meld til politiet for køyring utan gyldig førarkort på Moa tysdag ettermiddag, ifølgje ei Twitter-melding frå Politiet i Møre og Romsdal.

Også ein kvinneleg bileigar blir politimeld i samband med bilkøyringa.

Dette fordi politiet meiner ho ikkje skal ha forsikra seg om at bilføraren oppfyller vilkåra for å køyre.