Vil ha fylka og kommunane med på dugnad:

27 millionar til breiband i Møre og Romsdal

– Dette er veldig gledeleg, seier Anders Riise (Høgre). No satsar han på at fylkeskommunen og kommunane følgjer opp, slik at det samla beløpet kan bli på over 50 millionar kroner.

Gler seg over breibandstøtte: Anders Riise, Høgre sin gruppeleiar på fylkestinget.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

I ettermiddag kom nyheita frå distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland om at Stortinget har løyvd 400 millionar kroner til breiband i distrikta.

Dette skjer gjennom dei ferske tiltakspakkane.

– Kjem godt med

Ut frå folketalet skulle Møre og Romsdal eigentleg ha fått 5 prosent av dette beløpet.

Gledeleg nok får fylket 6,7 prosent, opplyser Anders Riise.

– Dette betyr 27 millionar kroner til å legge breiband i Møre og Romsdal. Pengane kjem veldig godt med. Vi har sett kor viktig digitaliseringa er no under koronakrisa, både for skulane og næringslivet, seier Riise til Sunnmørsposten.

Vil ha spleiselag

Samtidig som Stortinget løyver 400 millionar kroner utfordrar dei samtidig fylka, kommunane og innbyggjarane om å vere med på eit spleiselag, slik ein får endå meir økonomi til å legge breiband.

– Eg ser for meg at vi kan få inn over 50 millionar kroner totalt. For min del er eg ikkje i tvil om at Møre og Romsdal bør vere med på dette spleiselaget, seier Riise.

Og legg til at til meir pengar ein får i potten, til fleire får glede av godt breiband rundt om i landet.

Vil opp mot 100

Ifølgje Kommunal- og moderniseringsdepartementet hadde Møre og Romsdal ei dekningsgrad på breiband på 81 prosent i 2019.

Når det gjaldt 4G innandørs var dekningsgraden på 96 prosent.

– I mest sentrale strøka i fylket er breibandet no godt utbygd. No handlar om dei siste 20 prosentane. Vi skal kunne klare å dekke gapet opp mot 100 prosent, meiner Anders Riise.

Ute i distrikta: Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) besøkte Møre og Romsdal i februar.  Foto: Ole Berg-Rusten