Salet av hengekøyer, elsyklar og Hoka-sko har tatt av fleire stader:

Norgesferie er godt nytt for lokale sportsbutikkar

Mange sportsbutikkar har opplevd ein uventa opptur dei siste vekene. Andre slit i større grad. Det vi veit sikkert er uansett at mange nordmenn i år planlegg norgesferie - og handlar deretter.

Har tatt av: Sportssenteret AS på Hareid opplever gode tider. Det skuldast i stor grad at salet av Hoka-sko har tatt heilt av, fortel dagleg leiar Erling Hareide. Han er den einaste på ytre søre som sel Hoka-sko, og får nok ein del ekstra kundar frå til dømes Ulstein av den grunn. Men også frå Ålesund-sida opplever Hareide sal av desse skoa.  Foto: Einar Orten Trovåg

Nyheter

– Steikje bra!