Rykte ut etter nytt storras

— Er folk som har hatt flaks i dag

Skredgruppa i Volda og Ørsta rykkte ut for å sjekke raset i Fladalen.  Foto: ØRSTA RØDE KORS HJELPEKORPS

Leiar i Ørsta Røde Kors hjelpekorps, Merete Flø.   Foto: PRIVAT

Nyheter

(Mørenytt): Skredgruppa i Ørsta og Volda rykte ut til Standaleidet måndag kveld etter melding om eit nytt stort ras- det tredje i løpet av måndagen.



"Fladalen: Naudetatane og FORF (frivillege) er på veg til staden. Det har gått eit større snøskred på staden. Det er ikkje mistanke om at nokon skal vere tatt av skredet", skreiv politiet på Twitter 1705.



Litt før klokka 1800 kom det melding om at aksjonen var avslutta.

Dette var det tredje store raset på Standaleidet i dag.

Leiaren i Ørsta Røde Kors hjelpekorps, Merete Flø, var på Standaleidet for å sjå på dei to første rasa.

– Då fekk eg melding frå folk på Standal om at det hadde gått eit digert ras i Fladalen. Heile sida hadde losna og raset hadde gått over vegen opp til dalen. Det stod tre bilar ved vegen, så eg hadde ikkje anna val enn å varsle politiet. Deretter drog eg bort for å sjå.

Dermed vart det sett i gang aksjon, og Volda og Ørsta skredgruppe rykka ut. Også eit helikopter kom, og landa i Fladalen, der dei fekk kontakt med folk som var inne i dalen. Deretter vart aksjonen avblåst.


Økt snøskredfare

De siste dagene har snøskredfaren lagt på farenivå 3, eller betydelig snøskredfare.


Standaleidet er eit populært område for toppturar og dette var første fineversdagen på lenge. Men det har kome mykje snø, og han er altså ustabil.

– Eg vart verkeleg overraska over kor store desse rasa var. Det er folk som har hatt flaks i dag, seier Merete Flø.

Jarle Steinar Bjørdal, som er leiar i Ørsta Røde kors, og med i skredgruppa, var ein av dei som var opp til raset i Fladalen.

– Vi gjorde eit rask overflatesøk før vi avslutta, fortel Bjørdal.

Jarle S. Bjørdal ( t.v) i skredområdet i Fladalen.   Foto: ØRSTA RØDE KORD HJELPEKORPS

Deretter drog han lenger opp på Standaleidet for å sjå på dei andre rasa som har gått måndag.

– Det er verkeleg store dimensjonar, og det har gått ras i alle sider her på Standaleidet. Det er vanskeleg å vite kor lenge denne situasjonen vil vare, men eg vil frårå folk å gå i fjellsider dei neste dagane, seier Bjørdal.

Han legg til at folk må følge med på skredvarslinga Varsom.no

– Og folk må lese heile varselet, ikkje berre sjå på symbolet.

Saka blei først publisert i Mørenytt.