< Vil kvitte seg med skule, barnehage og sentrumsbygg - smp.no/nyheter – Nyheter fra Ålesund, Sunnmøre og Nordvestlandet.

Kommune har opprydding:

Vil kvitte seg med skule, barnehage og sentrumsbygg

Fjord kommune har lagt Andershaugen barnehage i Stordal og Kraftverksbygget i Valldal sentrum ut for sal. I tillegg prøver dei nok ein gong å få seld skulen i Tafjord.
Nyheter

– Vi har allereie blitt kontakta av folk som er interesserte i skulen i Tafjord og Kraftverksbygget i Valldal. Og særleg bygget i Valldal sentrum trur eg vil vere eit attraktivt bygg for fleire. Så vi har håp om å få kjøparar til begge desse bygga.