Ho blir ny dekan for mediefag i Volda

Kate Kartveit er tilbode stillinga som dekan ved Avdeling for mediefag frå 1. august 2020. Det har styret for Høgskulen i Volda vedteke torsdag.

Ny dekan: Kate Kartveit.  Foto: Høgskulen i Volda.

Nyheter

Skulen melder at Kate Kartveit er 60 år og kjem frå ei stilling som assisterande professor ved Danmarks Medie- og Journalisthøjskole.

Ho tek over etter Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, som vart omplassert frå stillinga i august i fjor. Rotevatn er ikkje einig i denne omplasseringa, og har klaga avgjerda inn for departementet – som ikkje har avgjort klagen enno.

Rotevatn sa sjølv opp etter at omplasseringsperioden var over, og er no tilsett som direktør for musea på Sunnmøre.


Rotevatn blir museumsdirektør

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er tilsett som administrerande direktør i regionmuseet Musea på Sunnmøre.


Odd Ragnar Hunnes har den siste tida vikariert i stillinga som dekan.

Høgskulen legg til at Kate Kartveit har lang erfaring som forskar og undervisar både i Norge og utlandet. Ho har ein ph.d. frå Aalborg Universitet i 2016 og disputerte på avhandlinga «Multimediejournalistik og narrative flow».

Har skrive lærebok

Kartveit har mellom anna publisert i Journalism og i Journal of Applied Journalism & Media Studies. Ho har gitt ut læreboka TV-journalistikkens ABC, har bidrege med kapittel til fleire akademiske lærebøker og er peer-reviewer for Visual Communication, Digital Journalism og Journalism Practice.

Før ho gjekk inn i akademia hadde Kartveit 20 års erfaring frå NRK, og har mellom anna eit SKUP-diplom med ein produksjon for Brennpunkt.

Ho har leiarerfaring frå NRK, frå undervisnings- og forskingsprosjekt, og frå organisasjon- og fagforeiningsarbeid, legg Høgskulen i Volda til.


Høgskulen i Volda har fått klarsignal til å starte bygginga:

Så glad blir ein rektor som får nytt bygg

Endeleg ei gladmelding frå Høgskulen i Volda: Statsråd Iselin Nybø (V) gav tysdag klarsignal til å starte bygginga av nytt mediebygg til 201 millionar kroner.