Vindkraft-demonstrasjonane:

Måtte klargjere: «Haramsøy skule har INGA rolle i denne saka»

Onsdag demonstrerte rundt 30 elevar mot vindkraftprosjektet. Rektor rykka same dag ut med eit skriv til alle føresette.

Ikkje i skuleregi: Dei fleste elevane var 10. klassingar, og dei gjekk i front då ein lastebil med gravemaskin vart hindra frå å køyre i land på ferjekaia på Austnes.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Nyheter

Skulen kan ikkje reknast som nokon part i den pågåande vindkraftkonflikten på Haramsøya. Det var rektor Kenneth Ulla snar med å formidle til dei føresette.