Ulykka i Stryn:

– Ikkje rus eller høg fart

Det er ikkje mistanke om at motorsyklisten som vart skadd i Stryn laurdag kveld var rusa.

Ulykke i Stryn: Føraren av ein motorsykkel sklei av vegen og hamna i klem under autovernet på veg opp Strynefjellet seint laurdag kveld.  Foto: Politiet

Nyheter

Det er heller ikkje mistenkt at farten var ulovleg høg.

Det opplyser operasjonssentralen i Vest politidistrikt til Sunnmørsposten.

Fall i sving

Motorsyklisten, ein mann i 40-åra, skal ha vore i følgje med fleire andre motorsyklar.

Mannen fall av sykkelen i ein brå sving.

Det er per søndag morgon ikkje kjent korleis tilstanden til mannen er no, men han skal ha vore bevisst etter ulykka.

Til Ålesund

Grunna smertar vart han flogen til sjukehuset i Ålesund.

Mannen mistar ikkje førarkortet sitt.

Nokre timar seinare velta ein annan motorsykkel i nærleiken av Stryn.

I dette tilfellet var føraren rusa.

Ulykke: Politiet melder om to MC-ulykker i Stryn, éi laurdag kveld og éi natt til søndag.  Foto: Gorm Kallestad, NTB Scanpix (illustrasjonsfoto)