Saudehornet var truleg blindspor

Gjorde funn under Nivane

Ørstafjella. Nivane til venstre, Saudehornet det høgste fjellet litt til høgre. Området i mellom vert kalla Vikeskåla.   Foto: SVEIN AAM, Møre-Nytt

Nyheter

Møre-Nytt: Kvar er Maja? No ser vi endeleg ut til å ha funne svaret. Sjølv om det ikkje er endeleg stadfesta tyder alt på at det er leivingane etter den sakna polske kvinna som fredag vart funne i fjellet ovanfor Ørsta sentrum.

Hovudtetorien har vore at ho skulle på Saudehornet, som er det høgste av fjella ovanfor Ørsta sentrum.


Ørsta:

Førebur søk laurdag

Politiet kan ikkje stadfeste at det er leivningar etter Maja Herner som er funne, men seier at det er truleg.


Dette vart bygd på opplysingar Maja hadde kome med til arbeidsgjevar om turmålet. Dessutan viste sport knytt til mobiltelefonen hennar at ho hadde vore i høgfjellet ved Saudehornet.

Mykje av leitinga har vore konsentrert i Vikeskåla, på det som er vegen opp til Saudehornet. Og det er brukt store ressursar på å saumfare høgfjellet rundt toppen av Saudehornet.

I fjor haust var det også ein ny leiterunde ovanfor Engeset, der Maja Herner budde.

No er altså det som truleg er leivingar etter Maja Herner funne under Nivane, lenger vest enn der hovudinnsatsen i leitinga har vore.

Saka blei først publisert i Møre-Nytt.


Forsvant i 2018:

Politiet tror de har funnet levningene til Maja

I 2018 forsvant Maja Herner (25) fra Ørsta. Nå tror politiet at de muligens har funnet levningene hennes.