Dømd for vald på russefest

Ein tenåring er dømd for å ha slått ein annan fleire gonger i ansiktet på ein russefest i Volda i fjor.

Illustrasjonsfoto   Foto: Berit Roald, Scanpix

Nyheter

Tenåringen meinte han handla i naudverje, og difor ikkje kunne straffast, men Søre Sunnmøre tingrett finn bevis for at han sjølv valde å gå inn i situasjonen og var den som eskalerte konfliktnivået. Det var han som hadde sjansen til å stikke unna.