Ber alle med lette infeksjonsteikn om å halde avstand til situasjonen er avklara:

Nytt smittetilfelle i Sula

Fredag testa eit nytt barn positivt på korona i Sula.

Hardt råka av korona: Marianne Bjerkevåg er kommunelege i Sula og har hatt mykje å stri med den siste tida.  Foto: Camilla Hjelmeseth

Nyheter

– Smittekjelda er kjent, opplyser Sula kommune.

Den smitta er nemleg søsken til eit barn som testa positivt for korona tidlegare i veka.

Det nye smittetilfellet betyr at éi barnehageavdeling er sett i karantene.

I alt inkluderer det 18 barn og fire vaksne.

– Andre nærkontaktar som har testa negativt blir følgde opp med ny test måndag, melder Sula kommune.

Kommunen ventar også på resultat frå nokre få prøvar som allereie er tekne.


Tek eit oppgjer med ryktespreiing

Saman med koronasmitte har også rykte spreidd seg i Sula kommune etter at kommunen fekk fleire nye smittetilfelle i førre veke.


– Hald avstand

Kommuneoverlegen minner ifølgje Sula kommune om at alle med lette infeksjonsteikn må halde avstand til alle til situasjonen er avklara.

Dette gjeld spesielt dei med infeksjonsteikn frå luftvegane eller magen.

– Ta raskt kontakt med lege, oppmodar Sula kommune.


Tre nye smittetilfelle i Ålesund

Alle dei tre er ifølgje kommunen nærkontaktar til dei tre som har testa positivt i Sula.


Mange smitta i kommunen

Kommunen har vore av dei med flest smittetilfelle på Nordvestlandet.

I ein tidleg fase var seks personar bekrefta smitta i Sula.

I slutten av mai vart åtte nye personar bekrefta smitta.

10. juni kom eit nytt smittetilfelle.

Og fredag kom altså endå eit.


Totalt åtte er smitta i kommunen no:

Tre born er bekrefta koronasmitta i Sula

– Personane har ein relasjon til dei som allereie er bekrefta smitta. Så dette er ikkje uventa, seier kommunelege Marianne Bjerkevåg.