Ny sjukehustilsett korona-smitta

Ein sjukepleiar ved Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid har testa positivt på korona.

Ein lege og ein sjukepleiar har fått påvist koronasmitte ved Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes/Fjordabladet/ NTB scanpix

Nyheter

Det opplyser kommunikasjonsrådgjevar Per Marifjæren i Helse Førde.

Alle tilsette og alle pasientar ved sjukehuset vart testa etter at det vart påvist smitte hos ein svensk vikarlege som kom til Nordfjordeid i førre veke.

Den smitta sjukepleiaren har vore på vakt saman med den svenske legen, legg Helse Førde til i ei pressemelding.


Svensk helsepersonell på norske sykehus smittet av korona – lege fikk karantenefritak

En svensk vikarlege på Nordfjord sykehus har testet positivt for covid-19. Legen fikk fritak fra karantene. I Nordland er samtidig en svensk sykepleier smittet.


Medisinsk avdeling

Vikarlegen arbeider ved medisinsk avdeling.

– Sjukepleiaren som har testa positivt er no i heimekarantene, legg Marifjæren til.

Vedkomande har vore i heimekarante sidan måndag kveld, då ein hadde fått svar på alle prøvene.

Etter det sannsynlege smittetidspunktet, vakta då sjukepleiaren og legen arbeidde saman, gjekk sjukepleiaren ytterlegare to vakter på sengeposten. Dette gjer at nokre fleire pasientar som var inneliggande på desse vaktene må isolerast på einerom og testast, opplyser Helse Førde.


Helse Førde endrer testrutinene for utenlandske vikarer

Lørdag opplyste Nordfjord sykehus at en svensk vikarlege hadde gått på jobb med koronasmitte. Nå skal alle vikarer testes ved oppstart.


Tiltak sett i verk

- Arbeidet med å spore pasientar og tilsette som sjukepleiaren har hatt kontakt, med starta måndag kveld. Det blir også gjort tiltak for å avgrense ytterlegare smittespreiing, seier direktør for medisinsk klinikk, Trine Hunskår Vingsnes.

Hele Førde kan ikkje sjå vekk frå at fleire kan ha blitt smitta og kjem til å teste positivt seinare.

Pasientar frå Nordfjord som treng sjukehusinnlegging vert lagt inn ved Førde sentralsjukehus. Aktiviteten på poliklinikkar, God start-eininga og dialysen går som før. Det same gjeld den kommunale legevakta som er lokalisert til sjukehuset.