Sykkylvsbedrift styrkar seg på IT-sikkerheit

PC Support har inngått eit strategisk samarbeid med Netsecurity for å gje tilgang til døgnkontinuerleg sikkerheitsovervaking og responsteneste for alle.

Sykkylven: PC Support AS har hovudkontor her i Sykkylven.   Foto: PC Support

Leiar: Ståle Welle er dagleg leiar i PC Support AS. (Arkivbilde)  Foto: Terje Engås

Nyheter

Det skriv sykkylvsbedrifta i ei pressemelding.

Dagleg leiar Ståle Welle fortel at det lenge har vore eit mål for dei å kome dit. Men først no er produkta, automasjonsgraden og kundevolumet, som dei oppnår i samarbeid med andre, stort nok til at dei kan levere ei teneste dei kan stå inne for at alle bør ha.

– Dette er kort og godt eit gjennombrot for datasikkerheitsarbeidet, meiner han.

IT Support opplyser at Netsecurity har, som første aktør i Norden, etablert eit Security Operations Center som er sertifisert og godkjent av Palo Alto Networks. Dette plasserer Netsecurity i verdsklasse som ein av åtte aktørar, med slike sentre, globalt.

Tenesta som Netsecurity tilbyr nyttar teknologi frå Palo Alto Networks som mogleggjer automatisering og rask respons ved hendingar. Dette gjer at kostnadene kan delast på eit stort tal einingar – noko som gjer at totalproduktet blir kostnadseffektivt, og at alle bedrifter kan få tilgang på teknologi som normalt blir nytta av store selskap.

PC Support AS vart etablert i 1988, har hovudkontor i Sykkylven – og har i dag 30 tilsette. Bedrifta omsette i 2019 for ca. 40 millionar kroner.