– Hadde han stukke stjerneskrujarnet ein millimeter djupare inn i hovudet mitt ville eg ha vore død

Adel Dabbas vart angripen på jobb: – Ein millimeter djupare, eller ørlite til sida – og eg ville ha vore død, multihandikappa eller hjerneskadd no.

Vart angripen på jobb: Adel Dabbas vart skadd på arbeid i rus- og psykiatri-tenesta i Volda kommune. 

Nyheter

(Møre-Nytt:) Det seier Adel Dabbas (44), som søndag 7. juni var på jobb for rus- og psykisk helseteneste i Volda kommune då han brått vart angripen av ein klient i ein kommunal omsorgsbustad. Adel Dabbas vil fortelje om det som skjedde for å setje søkjelyset på at enkelte klientar er for sjuke og farlege til å vere på opne, kommunale bustader.