Historia om Kleven:

Kleven har gått gjennom fleire kriser

Historia om Kleven er ei historie om opp- og nedturar, fusjonar, tilbakekjøp og sal. Det som no skjer i Kleven er slik sett ikkje heilt eineståande.

Verft: Dette bildet er teke i 2015, og i bildeteksten går det fram at Kleven verft har full ordrebok, mykje på grunn av offshore-næringa. Det var kø av skip under bygging for offshore-reiarlaga Rem og Olympic i Fosnavåg. Arkiv  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Historia til Kleven verft går tilbake til 1939, då Marius Kleven sette opp ei smie på Kleivakøyla. Sidan den gong har det vore smidd og sveisa, hamra, banka og bygd i denne smia som vaks bit for bit til verkstad og verft, kan vi lese på nettsida til Kleven.no