Jordbærbonde i Valldal pustar letta ut:

Polske plukkarar er på plass

Det såg ei tid ut til at dei utanlandske plukkarane ikkje kunne kome til jordbærbygda Valldal i sommar. Men no er dei her, og denne veka tok plukkinga til.

Valldal: Jordbærplukkarane frå Polen er på plass i Valldal. Frå venstre Bartek Bielkowski, Renata Gontarek og Kasper Porebski.  Foto: Terje Engås

Nyheter

– Eg har hatt mine bekymringar, ja. Det har vore ein del av dei dette året. I verste fall frykta eg at vi ikkje ville greie å få plukka all jordbæra. Men no er dei fleste plukkarane komne. Dei har vore i karantene, og dei har teke smittetest. Alle var negative.