Forsyningsskip-floka kan snart vere løyst, men elles ønskjer Green Yard Kleven ein nøktern start:

Håper på meir brød enn sirkus på Green Yard Kleven

Breiare, meir nøkterne, meir langsiktigheit, fleire bein å stå på og ikkje minst grønere. Slik skal nye Green Yard Kleven bli. Den nye leiinga håper forsyningsskipet som ligg ved Kleven snart er selt. Elles vil dei ikkje love noko dei ikkje kan oppfylle.

Dei nye toppane: Verftsdirektør Kjetil Bollestad (t.v.) og administrerande direktør i Green Yard Group, Hans Jørgen Fedog. Dei to er frå høvesvis Sørvestlandet og Sørlandet. No trur mange dei kan vere ein god match for Kleven og Sunnmøre.  Foto: Marius Simensen

Nyheter

– Vi ønskjer å vere realistiske. Vi vil bygge noko over tid som er solid og berekraftig. Det er viktig både for aksjonærane og dei som skal jobbe her, seier Hans Jørgen Fedog til Sunnmørsposten.