LOs sommarpatrulje i Møre og Romsdal:

– Det har gått veldig bra, og det er ikkje nokon store brot

Iselin Blakkestad, ungdomssekretær i LOs sommarpatrulje Møre og Romsdal fortel at dei fant nokre småbrot på mangelfulle kontrakter, men at dei elles er veldig fornøgde med årets patrulje i fylket.

FORNØYD: LOs sommarpatrulje er fornøgde med besøka under årets patrulje. Her under besøket i Ørsta 3. juli, saman med stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal.  Foto: LOs sommarpatrulje Møre og Romsdal.

Nyheter

I sommar vart LOs sommarpatrulje arrangert for 35. året på rad. I pressemeldinga som vart sendt ut før sommarpatruljen reiste rundt i Møre og Romsdal, skreiv dei at det i ei tid med høg arbeidsløyse, då spesielt blant unge, var enda viktigare enn nokon gong å få gjennomført sommarpatruljen.