Lange ferjekøar legg beslag på køyrefelt ved Eidsdal-Linge:

– Ventinga og køane er eit problem i seg sjølv, og det skapar mange trafikkfarlege situasjonar

Sambandet Eidsdal-Linge er råka av spesielt lange ferjekøar i år. Dette er eit problem for pendlarane og fastbuande, og skapar trafikkfarlege situasjonar.

LANG KØ: Den lange ferjekøa tek beslag på eine køyrefeltet, og skapar trafikkfarlege situasjonar. Her frå Eidsdal rett før klokka 21, laurdag 25. juli.  Foto: BRITT INGUNN MAURSTAD / Storfjordnytt

Nyheter

Situasjonen med lange ferjekøar er kjent for dei fleste. Sambandet Eidsdal-Linge er eitt av strekningane som verkeleg får køyrt seg i år. No tek Eva Hove, ordførar i Fjord kommune, fatt i saka i håp om å betre ordningane på sambandet. For pendlarar, fastbuande og turistane.